Tekfisk får Sandøy på tråden midt i linefisket nordvest av Shetland. På jakt etter brosme og lange har dei møtt på ein kuling så stiv at Sandøy undrast på kva for synder Vårherre vil straffe han for. Om ikkje det var nok, er satellittlinja så dårleg at sommarintervjuet får vente til ein annan dag.

Eit døgn seinare har vinden løya og Sandøy bryt klart gjennom på telefon.

- Korleis er livet på havet for tida?

- Vi ligg og dreg line.