Nyleg gjennomførte Havforskingsinstituttet eit tokt i Lofoten for å ta prøver av ruglbotn.

Rugl er forkalka raudalgar. Ruglbotn vert danna når rugl legg seg lag på lag i store teppe på grunn sjøbotn. Det er eit rikt habitat for mellom anna muslingar, kråkebollar, sjøstjerner og børstemark.

I Lofoten har forskarane tatt prøvar av ruglbotn frå område både med og utan oppdrett, skriv Havforskingsinstituttet på sine heimesider. Målet er å finna ut korleis og i kva grad kalkalgane og dyresamfunnet rundt blir påverka av utslepp frå anlegga.