Liza-Mari Widnes Isaksen

Alder: 28 år

Stilling: Produksjonssjef ved NRS Settefisk as

Utdanning: Fagbrev i akvakultur og bachelorgrad i havbruksdrift og leiing.

Bustad: Tromsø

Oppvaksen: Skaugvoll i Gildeskål

Familie: Sambuar

Det heile starta med ein sommarjobb på oppdrettsanlegg som 13-åring. Sidan det har det berre vore ei riktig retning for Liza-Mari Widnes Isaksen frå Gildeskål i Nordand.

– Sjefen min på sommarjobben spurte meg kva eg ville bli då eg vart «stor» i ein lunsjpause. Svaret kom nokså kontant: «Eg skal bli sjef».

Og sjef vart ho. No har 28-åringen vore med å utvikla eit av verdas største settefiskanlegg til ein verdi av 750 millionar kroner. Ho vart tilsett som driftsleiar for settefiskanlegget til Norway Royal Salmon (NRS) i Dåfjord i Karlsøy kommune i Troms i 2018 – då anlegget berre var på skissestadiet.

– Det har vore utruleg spennande. Det er gøy å vere med frå starten av og kunne forme anlegget med erfaring ein har frå før av som er viktig for drift. Dei som designar har gjerne ikkje jobba så mykje i produksjon. Det er lurt å ta med folk frå drift i prosjektet.

Settefiskanlegget til NRS i Dåfjord, Troms - blir sett i drift om få månader. Anlegget ligg ein times køyring frå Tromsø. Foto: NRS

Forseinka oppstart

No er det snart startskot for innsett av rogn i Dåfjord – men korona har skapt litt forseinkingar.

– Me har måtte utsett produksjonsstarten med nokre månader. No ventar me å sette inn rogn i anlegget i mars. Planen var januar. Det har skapt nokon utfordringa – og har måtte endra litt på produksjonsplanar. Men me tek over delar av lokala neste veke. Det blir gøy å få alle dei tilsette på plass og me skal sette i gang, seier Isaksen.

Isaksen har sjølv vore med å rekruttere dei 13 personane som er tilsett til no. Det skal endå tilsettast seks personar til og ho har personalansvar for alle.

Driftsleiar som 23-åring

Isaksen er oppvaksen på gard og hadde ein barndomsdraum om å bli veterinær, men oppdrettskommunen Gildeskål gjorde at ho fekk auga opp for havbruk. Etter sommar- og helgejobbing på anlegg blei det blå linje på vidaregåande – med fagbrev i akvakultur og deretter bachelor i havbruksdrift og leiing.

Si første leiarstilling fekk ho som 23-åring då ho starta som driftsleiar for Helgeland Smolt sitt settefiskanlegg i Rødøy.

– Eg har alltid likt å ta ansvar. Som 14-åring vart eg leiar for ungdomsrådet i Gildeskål og eg har også vore med i utdanningskomiteen i fylkestinget i Nordland. Då eg var ferdig med bachelorgraden min fekk eg sjansen på det nye smoltanlegget på Rødøy. Det var veldig lærerikt.

Vil bli sjølvforsynt med smolt

Når heile NRS-anlegget står ferdig til hausten skal det produserast 10 millionar smolt i anlegget.

Dei vil vere hovudleverandøren av smolt til NRS sine anlegg. Planen på sikt er å bli heilt sjølvforsynt med smolt.

– Det er viktig at me produserer ein god smolt til havet. Dette er det første heileigde settefiskanlegget til NRS. Det å kunne forsyne anlegga i Troms og Finnmark med eigenprodusert smolt gjer at me har kontroll på fisken frå start til me set den i sjøen. Då kan me følgje opp kvaliteten og me veit nøyaktig kva fisken har vore gjennom.

Store ringverknader

Entreprenøren Pilar har hatt 150–200 personar som har jobba på prosjektet sidan oppstart i 2018, fortel Isaksen.

– Det har hatt enorm påverknad på kommunen me har vore i – og skapt ringverknader for lokale bedrifter. Med ein times køyring frå Tromsø er dette ein strategisk plass å ha anlegget på. Det er mykje kompetanse å hente frå Tromsø. Eg må også få skryte av Karlsøy kommune, som var positive til at me skulle etablere oss her og var rask med saksbehandlinga.

– Kva gjer du på når du ikkje er på jobb?

Liza-Mari Widnes Isaksen trivst godt i den spektakulære naturen i Nord-Norge. Her er ho på Himmeltinden i Lofoten. Foto: Privat

– Eg prøver å komme meg ut på tur. Eg er veldig glad i friluft, og det blir mange fjellturar og turar med kajakk. Eg tok jegerprøven no i haust, og satsar på at det blir litt jakt framover. Og så er eg veldig matinteressert – og glad i alt som har med god mat og drikke å gjere. Eg les i kokebøker og ser kokkeprogram på Netflix – det er nesten blitt ein fritidsaktivitet. Eg er glad i å ha venner på besøk og lage mat saman med sambuaren. Men det har blitt lite av det i det siste.

Mindre byråkrati

Kva ville du gjort dersom du var Fiskeri- og sjømatminister for ein dag?

– Eg veit ikkje kor mykje ein får gjort på ein dag, men eg trur eg ville prøvd å få prosessar til å gå litt fortare – og fått ei forenkling av regelverket. I dag er det saker som vert behandla i myndigehitsorgan som kan ta litt vel lang tid.

– Det er jo ei næring som får skarp kritikk frå enkelte hald for å øydelegge for vill-laksen og ha høg dødelegheit blant fisken. Meiner du næringa er berekraftig?

– Ja absolutt – eg har jobba ganske lenge og vil seie at det er ei berekraftig næring. Eg trur at det er viktig å vere ein god ambassadør for næringa, og vise kva me heldt på med – og vere ærleg med både utfordringar me har - og med kva som er bra.

Opplever du sjølv mange negative tilbakemeldingar?

– Nei ikkje mykje, og eg synest det er bra at folk tar det opp i så fall – eg tar gjerne ein diskusjon med folk som er kritiske til oppdrett for å få fram mitt syn.

Som relativt ung leiar må ho gjerne bevise litt ekstra i starten.

– Ein opplever at folk kan vere skeptiske i byrjinga, men det går seg som regel alltid til. Det har vore dei yngre som har vore mest skeptiske. Dei eldre synest det er veldig artig med ein ung sjef, mens dei yngre med lik erfaring og utdanning, er meir skeptiske. Men det har gått overraskande fint. Så lenge ein er god i faget sitt og har respekt for folk, går det bra.

Ho er ikkje i tvil om at unge må tørre å satse meir dersom dei har ambisjonar om å klatre på karrierestigen.

– Ein gjer jo ikkje jobben heilt aleine. Det er viktig å hugse på. Ein har ofte mange flinke folk rundt seg som ein jobba i lag med. Unge må tørre å ta steget og tørre å ta ein leiarjobb. Me har ofte mykje meir å komme med enn me faktisk trur, slår ho fast.