Båten har mellom anna blitt 12 meter lengre under opphaldet på Rubbestadneset i Bømlo. Det har vore for å få på plass eit heilt nytt konsept for autoline.

— I dag er me veldig stolte over å kunne levera «Ocean Azul» til Pescuera Azul Norge AS, seier Olav Hilmar Koløy, dagleg leiar i LOS Marine i ei pressemelding måndag morgon.

Prosjektet har vore den største kontrakten nokosinne for verftet.

«Ocean Azul» skal brukast til å fiska patagonisk tannfisk i Uruguay.

Dagleg leiar Olav Hilmar Koløy i Los Marine. Foto: Kjersti Kvile

Heilt nytt fartøy

Skjeltrålaren «Kovda» blei bygd i 1987. Pescuera Azul Norge AS er eigd av Arne Birkeland, Dagfinn Henriksen og Omar Sørvik. Sørvik er også gründer av teknologiselskapet Sago Solutions. Reiarlaget kjøpte båten i 2018.

«Ocean Azul»
  • Byggeår: 1987 (ferdig ombygd i 2020)
  • Lengde: 72,5 meter
  • Breidde: 13 meter
  • Sengeplassar: 39
  • Motor: 2x V12 3500hk ABC motorar (ein hovudmotor og ein generator)
  • Gir: Volda
  • Hovudtavle: Austevoll Elektro
  • Propellanlegg: Wärtsilä

Vegen frå ein nedsliten skjeltrålar til ein toppmoderne fiskebåt har vore lang. I juni var båten klar for testing og sertifisering.

— No står «Ocean Azul» fram som eit hypermoderne nybygg. Så godt som heile fartøyet har blitt nytt. Ei rekkje tekniske nyvinningar gjer kvardagen tryggare både for mannskap og fangst, seier Koløy i meldinga.

Heilt ny modul

Hekkseksjonen på båten er utvikla for å fiske med ein ny type liner. Denne modulen har fått namnet Sago Combi Pool og er utvikla av Sago Solutions.

Fisken som bit på djupvasslinene vert kapsla inn i ein modul før han vert heist opp i båten. På den måten unngår ein at dyrebar fangst vert eten opp av kval og rovfisk på vegen opp til overflata.

— Det sikrar også ein trygg, innandørs arbeidsplass for mannskapet om bord. Dette er ein prototype som kjem til å bli lagt merke til. Du kan seia at dette er verdas største autolinefartøy, seier Koløy i meldinga.

Her kan du sjå verftets sin eigen video av og frå båten:

Les også: