Det kjem fram av ei pressemelding frå PE Bjørdal måndag morgon.

Fabrikkane skal vere levert innan 1. kvartal 2023, og er optimaliserte for prosessering av snø- og kongekrabbe. Dei har kvar ein kapasitet på inntil 60 tonn høgkvalitets, konsumferdig vare per dag, skriv selskapet i meldinga.

Oddbjørn Følsvik, markeds- og salgsleder i PE Bjørdal. Foto: Arkivfoto Kjersti Kvile

— PE Bjørdal er stolt over å vere vald som leverandør i nok eit prosjekt i denne krevjande marknaden, seier Marknads- og salsleiar, Oddbjørn Følsvik, i meldinga.