Det skriv NRK Møre og Romsdal. No krev næringa meir pengar. Denne veka skjerma regjeringa inn reglane for utanlandske arbeidarar.

– Smitteverntiltaka har vore kostbare for oss lenge. Og for kvar arbeidar som no må sitte lenger i karantene vil det føre til ekstra kostnadar for oss, seier Hege Akselvoll, kommunikasjonsdirektør i Vard, til NRK.

Akselvoll forstår behovet for ei innstramming som følge av situasjonen, men meiner det må kome meir pengar frå regjeringa til eksportretta næring som er hardt råka av pandemien.

Hittil i år har Vard funne 17 smitta blant sine tilsette, ifølgje NRK.