Ved Havforskingsinstituttet har forskarar greidd å lage superhannlaksar, skriv instituttet i ein artikkel.

Forskar Per Gunnar Fjelldal og kollegaane forskar på kjønnsmodning hos hannlaks. Dei har no greidd å utvikle ein «supersperm» som berre resulterer i hannlaks.

Ueigna som mat

I Norge blir laksen sendt til slakting så snart han viser teikn til kjønnsmodning. Det er fordi kjønnsmoden fisk sluttar å vekse, blir lettare sjuke og dei kan bli meir kranglete. Sidan dei brukar energien på lage egg og mjølke, blir dei ueigna som mat til menneske.

– Vi er derimot interesserte i fiskar som blir kjønnsmodne. For oss er det ein stor fordel om vi veit at alle egga vil ende opp som hannar. Då treng vi berre å produsere halvparten så mange forsøksdyr, forklarar Fjelldal.

Befrukta sine eigne egg

Kollega Tom Hansen forklarar:

– I 2012 behandla vi hannlaks-yngel med østrogen for å få dei til å utvikle egg. Då vi nokre år seinare skulle stryke ut egga til éin av desse, som altså skulle vere genetisk hannlaks i holaks-kropp, kom det ut både egg og mjølke samtidig, fortel han.

Laksen hadde dermed befrukta sine eigne egg.

– Men det viktigaste her er lakseegg frå ein genetisk hannfisk. Kor spermaet kjem frå, er ikkje så relevant for utfallet, seier Hansen.

Superhannar

Det er første gong nokon har dokumentert superhannar hos atlantisk laks. Superhannar har ein supereigenskap: Rogn som blir befrukta med deira sperm, vil garantert bli hannfisk – nesten.

– Rundt éin prosent blir hofisk, utan at vitskapen kan forklare korleis det er mogleg. Men dette fenomenet er kjent frå andre artar også, seier Per Gunnar Fjelldal.

No har forskarane frose ned spermaet deira i «banken», og kan produsere hannfisk til forskinga ved behov.