Her diskuterer eg nokre motsetningar i dette arbeidet.

Den delen av kloden vår som er dekka av landjorda er sterkt pressa når det gjeld arealbruk blant anna til matproduksjon. Samstundes kjem mindre enn 2 % av maten vi et frå havet som dekker 70 % av kloden.

Gjesteskribent

Amund Måge er marin fagdirektør ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Universitetet i Bergen.

Amund Måge, marin direktør ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB

Underteikna vart alt i 1991 bedt om å vurdere forslag til grenseverdiar for ei rekke mineral, sporelement og også giftige tungmetall i fôr til fisk på oppdrag frå Statens tilsynsorgan for landbruket. På denne tida var det nesten ingen publisert forsking på feltet mineral i fiskeernæring retta mot laks. Reguleringa av kva som var tillate å ha i fôr, gjekk etter ei såkalla positivliste. Det som stod på lista, var tillate å bruke, men det var ingen grenseverdiar.

Vanskelege vurderingar

I EU hadde ein derimot etablert grenseverdiar generelt i fôr og om Norge godtok desse ville man la det verte gjeldande også for fiskefôr. På denne tida var det ikkje så stort volum fiskefôr som vart brukt, men oppgåva vart teke alvorleg.

Prinsippa som vart lagt til grunn for eventuelle grenseverdiar var at det skulle vere tilstrekkeleg med essensielle mineral og element for vekst og helse, men ikkje så mykje at det kunne skade fisken. Det skulle heller ikkje gje for høge verdiar i fiskefilet gjennom fôr og det skulle takast omsyn til miljøet og at «flow» av elementa ikkje skulle vere miljøskadeleg.

Dette er ofte vanskelege vurderingar å gjere fordi same element kan vere både heilt livsnødvendige, slik som sink og kopar, men er også vurdert som giftig og forureinande i for høge mengder.

ALARA-prinsippet

Det bekymringsfulle med tanke på grensene som var foreslått frå EU, var at dei var heilt basert på data og kunnskap frå landdyr. Man tok også ofte utgangspunkt i det såkalla ALARA-prinsippet. ALARA betyr As Low As Reasonable Achievable. Dette er eit forvaltningsprinsipp som liknar på føre-var-prinsippet og kan og vere eit greitt utgangspunkt.

Men når ein gjekk frå landbaserte råvarer til råvarer basert på sjølevande organismar, gjekk dette til ein viss grad gale.

Mange av grunnstoffa finst naturleg i heilt andre konsentrasjonar i marine organismar enn i landbaserte fôrråstoff. Eit døme på dette er grunnstoffet arsen, som rett nok kan vere ganske så giftig i si uorganiske form, mens det i marine organismar i hovudsak er til stades som arsensukkeret arsenobetain som er veldig lite giftig. Det er mykje høgare verdiar i all sjømat enn landmat, spesielt i krepsdyr. Ein typisk verdi i reker frå Barentshavet er 30 mg arsen/kg. Dersom desse rekene skulle brukast i fiskefôr ville dei verte tørka. Det vil gje ei ytterlegare oppkonsentrering på 3-4 gonger til ein konsentrasjon på rundt 100 mg arsen per kilo i fôret.

Den føreslåtte grenseverdien frå EU basert på noko kunnskap frå landdyr var 2 mg kg arsen i tørt fôr.

Arsen i matvarer

Så mens vi menneske kunne kose oss med sunne og gode reker, ville ein oppdrettstorsk gjere noko heilt ulovleg om den åt reker, noko torsken sine ville torskevenner gjorde. Og det var ikkje litt over grenseverdien, men altså 50 gonger over. Også torskefilet frå Barentshavet ville vere høgt over denne grensa.

Fiskefôret basert hovudsakeleg på vanleg fiskemjøl, som var det vanlegaste framover mot 2010, vart også i stor grad målt over denne grensa. Då Norge rapporterte om dette fenomenet og prøvde å endre på denne grensa gjekk det ein god del tid og krefter på å få gjennomslag. I dag er grensa auka til 10 mg kg i fôr til fisk. Mens for oss menneske er det ikkje sett grense for arsen i matvarer.

Innebygde motsetjingar

Det er for oss som dreiv overvakinga av fiskefôr eit tankekors at Norge, på bakgrunn av slike saker, vert skulda for å ha drive systematisk arbeid for å fylle gift i fiskefôr.

Berekraft er likevel vanskeleg og det er mange motsetjingar innbygd i mange av berekraftsmåla. Det er ikkje tvil i at om vi skal klare å auke bruken av sjømat gjennom hausting eller bruk av marine råstoff må vi nok gjere mange faglege avvegingar som vi krevje nytenking. Nokon av desse utfordrar også ALARA-prinsippet, men av den grunn treng det ikkje vere farleg. Vil man ha breidde i bruk av råstoff mellom anna frå krepsdyr i fôr, er faktisk det nødvendig å la fisk ete litt meir arsen, men sjølvsagt på ingen måte i sånne konsentrasjonar som vi menneske et.