Ved første blikk kan det minne om eit tannlegekontor. Eit lyst og sterilt rom. I eit avlukke blir pasienten lagt godt til rette.

Ei kvinne i kvit frakk går ut av avlukket, stenger døra bak seg, trykker ned ein knapp. Det kjem eit kjapt BZZZ og så rullar eit ferskt røntgenbilete over PC-skjermen.

Men pasientane skil seg frå den vanlege typen pasientar i tannlegestolen.

I avlukket er det ingen stol, men eit brett. For her er det fisk og anna marint liv som blir røntgenfotografert.