I 15 år har havforskarane overvaka Kudoa-parasitten hos makrell med eit årleg tokt i Nordsjøen. På det jamne har dei funne den i om lag 1 prosent av makrellane dei har analysert. Men dei to siste åra har 2–3,5 prosent av makrellane vore infiserte.

Parasitten er ikkje farleg for folk eller levande fisk, men øydelegg matverdien i makrellen. Og det først 24-48 timar etter at fisken er daud. Dermed kan infisert makrell sleppe gjennom salsapparatet og hamne i fiskedisken.

Konsekvensen kan vere inntektstap for fiskarane og omdømmetap for fisken på marknaden.