– Vi tok i alle fall over menyen. Kokkekniv og garnityrpinsett låg trygt i meisterkokkane sine hender, forsikrar havforskar, matnerd og primus motor Arne Duinker.

Saman med kjøkkensjef Christopher Haatuft fann eit gastronomisk havforskarteam fram råvarer frå sjøen som anten er ukjende for folk flest, eller ikkje vert eten av andre grunnar.

Snåle skjel og bifangst, potente sjøpølser, lodde frå forskingstokt, sei ikejime og panserreker stod på den ganske så utradisjonelle menyen på Lysverket torsdag 4. april.

Førre gong forskarane troppa opp i kjøkkenet på Lysverket, hadde dei med seg ein pose mesopelagisk fisk som få eller ingen har smakt på.