Bøndene Rolf Olav Gjørven og Dag Hjelle på Folven gard i Stryn er ein av partnarane i det landsdekkande prosjektet Algae To Future. Prosjektet har samla 20 forskingsmiljø i et nettverk. Målet er å nytte mikroalgar til å produsere høgkvalitets protein som blir til fôr i oppdrett og landbruk.

Gjennom forskingsprosjektet kan garden no bygge sin eigen fotobioreaktor som dyrkar mikroalgar av CO2-utsleppa frå kyrne på garden. Dette er den fyrste garden i verda som har starta algeproduksjon, ifølgje ein pressemelding frå Algae To Future.

Mikroalgane veks i vatn, lev av CO2 og får energi frå lyset. Folvengaard AS nyttar ein krinslaup frå kumøkk i lukka gjødselstank, forbrenning av metangass og uttrekk av CO2 som byggesteinar til mikroalgene i eit lukka system

Garden har eige vasskraftverk som gjev energien til lyset som mikroalgane. Etter omkring fjorten dagar kan bøndene hauste næringsrike mikroalgar som er fulle av protein og feite fettsyrer.

Prisen vart delt ut av landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) denne veka.

Alf Erik Gjørven, Rolf Olav Gjørven og Dag Hjelle tok imot prisen. Foto: John Trygve Tollefsen/Norsk landbrukssamvirke