– Det er veldig positivt at me kan komme i gang med dette. Det har vore planen heile vegen at me skal kunne levere 50 prosent rognkjeks og 50 prosent berggylte: Berggylte frå mai til oktober og rognkjeks om vinteren, seier dagleg leiar i Austevoll reinsefisk, Leif Gøran Skår til IntraFish.

Selskapet driv i dag med oppdrett av rognkjeks på Austevoll utanfor Bergen.

Dokument IntraFish har fått innsyn i viser at selskapet har fått løyve til å produserer inntil 2 millionar av leppefisken berggylte.

– Det er ein lang veg fram dit. Det er ingen enkel fisk, så me tar det litt etter litt, seier Skår.

Han vil ikkje seie noko detaljert om kor stor produksjon dei vil starte med.

– Me jobbar på for å sjå kva me får til. Me er godt i gang med å byrja å ruste opp anlegga våre til dette – og me satsar på å vere ein kommersiell leverandør innan få år. Me håpar på at det blir sett inn berggylte i kara i løpet av hausten.

OPPDRETT: Her er berggylt oppdretta hos Havlandet Marin Yngel i Florø. Foto: Arkivfoto Anders Furuset

- Seljars marknad

Berggylta er ein ettertrakta reinsefisk i oppdrettsnæringa – og det er seljers marknad for fisken, som toler høge temperaturar i vatnet godt og har lågare dødelegheit enn rognkjeksa ute i merden. Men framleis er forskjellen i talet på fisk stor - og det er ikkje ein lett fisk å få til.

Produksjonen av rognkjeks låg på 39 millionar i 2019, mens berggylten kom opp i 1,8 millionar.

Rensefiskekspert og konsulent Erlend Waatevik anslå produksjonen av berggylte til å komme opp i 5–6 millionar i 2025.

– Kva er det som er mest vanskeleg å få til?

– Det er overgangen frå levande fôr til tørrfôr. Men elles trur eg hemmelegheita er å ha dedikerte og flinke folk på anlegget. Det krev tett oppfølging av fisken, seier Skår.

Må få ned produksjonskostnaden

Rensefiskgruppen eig 78 prosent av Austevoll Rensefisk, og Skår den resterande delen.

Rensefisk
  • Rensefisk er et fellesnavn for rognkjeks og flere ulike leppefiskarter (berggylt, grønngylt, bergnebb, gressgylt), som holdes i merdene sammen med laksen for å beite ned lakselus.
  • Omtrent 50 millioner rensefisk ble brukt i 2018, hvorav 18 millioner var villfanget og 31 millioner oppdrettet.
  • All rognkjeks og de fleste berggyltene som brukes er oppdrettet, mens de fleste andre leppefiskartene fanges i teiner og ruser på grunt vann langs kysten fra Trøndelag og sørover.

Grieg-gruppa eig 80-prosent av Rensefiskgruppene. Om det blir Grieg Seafood dei skal levere berggylte til, veit ikkje Skår endå.

– Akkurat kven som blir kundane veit me ikkje endå, men det me veit er at det er enorm etterspurnad etter fisken og at det ikkje blir problem å få omsett han.

Prisen på berggylta er høg – men det er også produksjonskostnadane.

– Me har ikkje som mål å få ut mykje dyr berggylte. Fisken er dyrare å produsere og den tek lengre tid. Målet er å kome ned på ein akseptabel produksjonspris og at oppdrettarane blir flinke til å bruke fisken om att. Overvintring av fisken er ein viktig faktor i dette.

– Med alle velferdsproblema som er i dag, trur du reinsefisk har ei framtid i norsk oppdrett?

– Inntil ein finn solide produkt som næringa kan bruke i fôret til fisken, og me ikkje vil det skal bli dumpa millionar med gift i havet kvart år, vil nok reinsefisken bestå. Det blir nok ikkje den same mengda som før. Dei aktørane som har orden i sysakene sine vil kunne halde fram me det. Men næringa har ein lang veg å gå med gjenfangst, overvintring og gjenbruk.