Det skriv selskapet i ei pressemelding.

– Når ein nyttar VR i prosjekteringa lukar ein ut feil og manglar før bygginga startar. Målet er å få betre og ofte billegare løysingar, seier avdelingsleiar Erlend Kent i Multiconsult på Stord.

VR-rommet gjev tilgong til eit virtuelt datasimulert miljø. Der kan ein ved hjelp av VR-briller enkelt komme inn i 3D-prosjekterte bygninger og større arealområder i ein skala 1:1. På den måten kan alle involverte partar i eit prosjekt bevege seg rundt i den modellerte løysinga og få eit visuelt inntrykk av korleis prosjektet kan bli ved ferdigstilling.

Prosjekterer smoltanlegg

VR-rommet er nytta med godt resultat for ei rekke kunder, som matforskingsinstituttet Nofima og settefiskanlegget Vågafossen. No arbeider Multiconsult med prosjekteringa av eit smoltanlegg for ein stor kunde i Sverige. Entreprenøren er Hervik Rør og dei hadde ikkje sett byggeplassen.

– Sidan det er langt dit, inviterte me i staden Hervik Rør til VR-rommet før utarbeiding av byggeteikningane, slik at dei kunne danna seg eit bilete av byggeplassen og starte planlegginga. Dette var svært nyttig då me fekk mange gode innspel frå Hervik som me kunne innarbeide i teikningane, seier oppdragsleiar Eirik Myhre i Multiconsult.

Prosjektleiar Harry Wiik Waage karakteriserer VR-rommet som «opplysande og svært effektivt».

– Særleg nyttig er det å kunne gå rundt i modellen og sjekke om ein når fram til ventilar, bøye seg ned under kar for å sjå om ein kjem under og liknande. Ein får ikkje det samme utbyttet på ein PC-skjerm, sjølv om det er 3D, sier Wiik Waage.