- Det som er spesielt med «Elax Mist» er at den er utvikla for å vere nødslaktefartøy, for å redde den fisken som elles truleg ville døydd av ein eller annan mekanisk behandling, fortel dagleg leiar Mons Ove Hauge i reiarlaget Elax til IntraFish.

Om bord på båten er det ei patentert løysing på å sortere ut fisk som allereie er død eller så dårleg at den ikkje bør bli med på slakteriet.

- Det gjer at det ikkje skal vere fare for at kvaliteten på lasta vert dårlegare.