Stranda Prolog er ein stor aktør innan havbruksnæringa og ser moglegheiter i å integrere Flowtru si pumpeteknologi i nye løysingar.

- Teknologien som Flowtru har utvikla gir eit stort potensial for å forbetre dyrevelferd i handteringsoperasjonar. Det gjer at vi tek betre vare på verdiane og vil gi økonomisk gevinst til oppdrettarane, seier administrerande direktør i Stranda Prolog, Klaus Hoseth, i ei pressemelding.

Flowtru, som har utvikla ei fiskepumpe som skal hindre skade på laksen, skriv i pressemeldinga at avtalen med Stranda Prolog vil gje oppstartsbedrifta moglegheit til å halde fram med å bygge verksemda og utvikle teknologien vidare, både for fiskepumper og for andre produkt som teknologien har potensial for.

Høyr Tekfisk sin podkast om flowtru si verksemd her: