– Eg synest det var super å få vere med på å prøve noko nytt. Eg er ikkje vant til at me bruker kar på den måten. Men det er supert at det kan kombinerast med det oppvakningskaret på sida, seier Sofie Øren.

Ho går andre året på akvakultur på Val vgs. og er ein av elevane som har bidrege med innspel til den nye luseteljaren til Mørenot Robotics.

Gjennom våren har elevane ved Val brukt karet og vurdert fordeler og ulemper.