Nye funn tydar også på at lusa døyr på fisken, og at 70 prosent av holusa blir steril.

– Dette er veldig spennande og me skal i gong med nye forsøk fortel, dagleg leiar Sturle Skeidsvoll i Aller Aqua Norway til IntraFish.

Nofima har nyleg ferdigstilt ein rapport gjort etter forsøk med Biofeed Forte på forsøkslokaliteten Floteneset ved Vadheim i Sogn og Fjordane.

– Det me har bevist er at Biofeed verkar. Fisken som var fôra med Biofeed hadde 0,3 kjønnsmodne holus mot 2,1 kjønnsmodne holus i kontrollgruppa ved forsøksslutt, fortel Skeidsvoll.

Fleire interessante funn

Han fortel at dei også har gjort andre interessante funn som dei skal gå vidare med i nye forsøk.

– Me ser også at vaksne lus dør på fisken, og finn død lus som heng fast i slimlaget. Dette skal me prøve å finne ut av kvifor skjer, men teorien er at slimlaget gjer at dei rett og slett svelt i hel. 90 prosent av holusa på fisken med Biofeed døyr når dei produserer eggstrenger, truleg fordi det krev så mykje energi. Det ser også ut til at me utviklar ei steril holus. Normalt klekker 98-99 prosent av holusene, men her var ca. 70 prosent av hoene sterile. Dette skal bli eit eige prosjekt etter kvart, fortel han.

Forsøka viser også at fôret har andre eigenskapar enn berre å lage slim.

– Minerala påverkar fôropptaket og gir betre fiskehelse. Det gir lågare fôrfaktor, litt betre farge og mindre gaping i fileteen etter slakting. No skal me teste ut åtte nye midlar basert på Biofeed. Fôret skal utviklast vidare. Dette var tredje generasjon, no er me i gang med fjerde generasjon fôr der me justerer på mineralblandinga, fortel han.

Det er trønderselskapet Biofeed som produserer mineralingrediensen som gjer at fôret får fisken til å produsere meir slim. I tillegg består fôret av ein høg del med marine råvarer.

– Men utan Biofeed ville ein fått dei same problema med lusa. Meir marine råvarer åleine gir ikkje utvikling av meir slim. Minerala bidrar også til å stimulere immunforsvaret til fisken. Ein av tinga me også har sett, er at gjellehelsa blir betre. I juli skal me starte eit forsøk på iLab i Bergen saman med Nofima for å sjå verknaden av Biofeed med tanke på AGD, fortel Skeidsvoll.

Tolv månadar utan avlusing i Sunnhordland

I seks år har Aller Aqua gjort forsøk for å utvikle fôret. I starten brukte dei mykje algar, noko selskapet på nytt vil sjå nærare på framover.

Dei fleste forsøka som er gjort til no, er gjort med aure. Så langt tyder også resultata på at det er auren som har best effekt av fôret. Men Aller Aqua testar også ut fôret på laks på ein lokalitet i Sunnhordland.

– Effekten er ikkje like klar, men me ser det same som hos aure at laksen produserer slim og får mindre lus. Første forsøk er nettopp avslutta, og på den beste merden klarte med 12 månadar utan avlusing i Sunnhordland. Det var i kombinasjon med leppefisk. Fôret hemmar påslaget av lus, slik at leppefisken får tid til å ta unna lusa. Lakseforsøka går vidare som FHF-prosjekt, fortel Skeidsvoll.

Aller Aqua er ein liten leverandør på den norske laksefôrmarknaden med ein marknadsdel på rundt 1 prosent. Dette håpar Skeidsvoll skal auke etter kvart som forskinga viser resultat.

– Me firedobla salet vårt av fôr i Noreg i 2017. Men det er dyrare enn vanleg fôr, og me må bevise at det fungerer. Men me opplever stor interesse frå fleire aktørar, fortel Skeidsvoll.

Skal utelukke ytre faktorar

Forskar André S. Bogevik i Nofima har vore prosjektleiar og seier til IntraFish at dei no skal jobbe vidare med å finne biologiske mekanismar for korleis fôret påverkar fisken. Han skal presentere funna under konferansen Havbruk 2018 i regi av FHF og Noregs forskingsråd i neste veke.

– Me har ikkje klare svar på dette enda, og det er ikkje alle data som er signifikante. I sommar skal me køyre karforsøk for å sjå korleis fôret påverkar fisken. Då kan me få ei vitskapleg framstilling av korleis fôret påverkar fisken og få svar om den er meir robust, med betre fiskehelse og meir slim. Mange ytre faktorar kan også påverke dette, så dette vil me no prøve å utelukke, seier Bogevik.

I karforsøka skal dei først sjå berre på fôret, for så smitte å opp med ulike parasittar som lus og amøbar.

– Det er veldig interessant. Aller Aqua har gjort to forsøk med aure som viser at det er mindre lus, spesielt kjønnsmodne holus. Årsaka er kompleks, men analysane kan tyde på at det er noko med slimcellene. Det er indikasjonar på det, seier han.

Artikkelen vart først publisert hos IntraFish.