Ikkje nok med det, EU sitt nye gigantiske forskingsprogram, Horisont Europa, startar også. Og det skal faktisk gje grunnlag for ei «månelanding» i havet.

Månelandinga i havet er direkte inspirert av USAs månelandingsprogram, lansert av John F. Kennedy, som i 1961 lovde menneske på månen innan utgangen av 1960 åra. Og i juli 1969 klarte Apollo 11 ferda å setje astronautar på månen. Målretta arbeid mot eit konkret mål gav suksessen.

Amund Måge, Fagdirektør, Marin direktør, UiB Foto: Privat

Apollo-suksessen har altså gitt inspirasjon til innrettinga på EUs Horisont Europa. Den kjente økonomiprofessoren Mariana Mazzucato leia arbeidet med å spissa det som no vert kalla oppdragsorientert, mission-oriented, forsking og innovasjon. Dette har leda til fem store «oppdrag» som Horisont Europa programmet skal vera med å løyse. I tillegg til havet er det utvikla oppdrag på kreftforsking, klimatilpassing, klimanøytrale smarte byar og jordsmonn og mat.

Oppdrag hav har fått det passande namnet Oppdrag Sjøstjerne. Dei fem armane til sjøstjerna skal symbolisere fem ulike hovudsatsingar (aksar) som til saman, innan 2030, skal bidra til sunne hav, sjøar, kyst og innlandsvatn. For å lykkast skal det satsast langs desse fem aksane:

  1. Fylle ut kunnskapsmangel og mangel på interesse for havet.
  2. Gjenskape marine og farskvannsbaserte økosystem.
  3. Ingen forureining.
  4. Dekarbonisere våre hav og sjøar.
  5. «Pusse opp» havforvaltninga.

Til saman skal dette gjenskapa sunne hav, sjøar, kyst og innlandsvatn innan 2030. I EU er man slett ikkje flau for å driva målretta forsking. Dei fem forskingsoppdraga er nettopp skapt for å skaffe fram den kunnskapen som trengst for å nå målet.

Sjølvsagt må det også mot, forsting og handlekraft til når kunnskapen ligg føre, men dette er heilt målretta forsking for å nå eit gitte politiske mål. Og i dette programmet er det meininga at både kunnskapen og deltakinga skal nå breitt ut i samfunnet og vere nær brukarar. Så det er all grunn til å orientere seg og delta sjølv om man ikkje er forskar.

Skal EU og Norge nå sine mål, er det klinkande klart at forsking og kunnskap åleine ikkje er nok. Her må det investeringar til frå private og offentlegare aktørar. Nødvendige investeringar for EU landa og assosierte medlemsland, som Norge, er estimert til rundt 70 milliardar euro (700 milliardar kroner) per år dei neste seks åra.

Dette er inspirerande å lese om for alle haventusiastar innan forsking, industri, forvaltning og forhåpentlegvis også innan kapitalforvaltning.

Aktiv norsk deltaking i dette oppdraget gjev norske forskingsmiljø finansiering, kunnskap og viktig samarbeid. Norske miljø har verkeleg mykje å bidra med på havforskingsfeltet, noko EU-landa treng, og sterk norsk involvering kan bidra til å gje «oppdrag sjøstjerne» ei mjuk landing.