«Torsken er den økonomisk viktigste ville arten i norsk fiskerinæring …. en økende andel av torsken eksporteres ubearbeidet ut av landet…»,

Internasjonal konkurranse

Sjømatnæringa er i utvikling. Næringa er prega av store endringar på nesten alle plan dei siste tiåra. To ting har ikkje forandra seg. Alt er bygd på handel. Tek vi noko opp av havet, er vi avhengig av at det finnast ein marknad for det. Vidare at Norge har råderett over havområde som er seks gonger større enn fastlandet. Vi har tilgang på store og tidvis godt forvalta fiskebestandar, og vi har ein kyst som er godt egna for havbruk.

For kort tid sidan var nærleik til råvarene det store konkurransefortrinnet vårt. Men konkurransen om råstoffet har blitt internasjonal. Fisken som blir fiska av norske båtar og levert i Norge

, før den blir sendt vidare til sluttmarknaden. Kysten og fiskerinæringa er i eit samspel med resten av verda. Internasjonale megatrendar, som globale verdikjeder, pregar også næringa vår. Det er ei stor utfordring, ikkje for eksporten i seg sjølv, men for kva vi får ut av eksporten.

Kva får vi ut av eksporten?

Den store utfordringa er å behalde og auke verdiskapinga av ressursane i Norge. Vi må unngå at stadig meir av råstoffet blir eksport ubearbeida. Utviklinga er dessverre negativ. Vi eksporterer meir og meir av fisken vår ubearbeidd. 

Då eksporterer vi også mykje av den aktivitet og verdiskapinga som fisken kunne gitt kysten og landet.

. Eksport av fisk bør handle meir om kva vi eksporterer og kva vi får ut av eksporten. Vi kan gjerne minnast Knut Haagensen, som ofte sa: «det er ingenting som er så enkelt som å selje billig fisk».

For bedriftene handlar tilarbeiding om marginar, kapasitetsutnytting, om heilårlege og attraktive arbeidsplassar. For leverandørindustrien er dette ein lokal marknad, noko som nærast er ei føresetnad for utvikling av kunnskap. For samfunnet handlar det om kva fiskeressursane, som tilhøyrer fellesskapet, faktisk gir tilbake til fellesskapet. Den beste måten å forvalte dette eigarskapet på er å sikre at fisken bidrar til aktivitet og trygge arbeidsplassar.

Må skifte fokus

Det er mogeleg å bearbeide meir av råstoffet i Norge. Men det krev tilpassingar i nasjonale rammevilkår; kvotesystemet, førstehandsomsetning, skattar, avgifter m.m. Teknologisk utvikling, kapasitetsutnyttelse, produktutvikling, betre råstoffkvalitet og investeringar er også vere avgjerande for å lukkast. Det er slett ikkje sjølvsagt at vi vil klare å sikre ein industri langs kysten.

Vi skal glede oss over at eksportverdien har passert 100 milliardar. Men ikkje for lenge. Vi må raskt skifte fokus over til korleis vi kan få større verdiar ut av råstoffet. Vi må flytte merksemda frå sjø til land, og til korleis vi kan utvikle heile verdikjeda på villfisksida. Og vi må slutte å snakke om det, vi må faktisk ta grep. Salslaga på kvitfiskområdet ser dette, og dei skal ha ros for å ha løfta blikket og no ser mot heile verdikjeda. Dette bør politikarane merke seg, og gjerne ta lærdom av.