Det vert då eit spørsmål kva vi gjer med manglande kunnskap. Det opplagde svaret er å skaffe kunnskap, men skal ein i mellomtida bruke «betre føre var» og kva konsekvensar skulle det få for korleis vi handterer plast?

Nyleg hadde eg gleda av å få halde innlegg det første fysiske vitskapelege møtet sidan nedstenginga i mars. Faget var miljøkjemi. Mitt eige faglege innan mat og ernæring har stort sett vore innan effektar av tungmetall, men det som kjem opp i aukande grad, er problemstillingar knytt plast.

Gjestekommentar

Skrevet av Erik Sterud i Krüger Kaldnes. Sterud er en av de faste leverandører av gjestekommentarer til Tekfisk, hvor dette innlegget første gang ble publisert.

Dagens gjestekommentar fra Sterud består av to deler og del 2 har overskriften «Dette er det riktige våpenet for å få et godt RAS-miljø».

Mens studiar av mange kjente miljøgifter i mat og miljø er meir modne er forskinga på effektar av plastforureining i ein tidleg fase full av viktige kunnskapshol eller for å vere ærleg er kunnskapsmangelen framleis så stor at å snakke om hol vert feil for det føreset ein relativt fungerande base der ein ser hol. På dette feltet manglar eigentleg denne basen i høve til miljøet.

Les også:

Fundamentale spørsmål

Visst kjem det stadig fleire artiklar knytt til plast ut i vitskapelege journalar, men heilt fundamentale spørsmål om kor mykje plast som endar i havet og kva effekt det eigentleg har, er enno skremmande lite opplyst.

Det gjev også grunnlag for fagleg spennande forsking. Lista over tema der det trengst ny kunnskap, er lang. Til dømes kor fort må plast, og andre produkt, kunne brytast ned for at det skal kallast nedbrytbart og kor god er dokumentasjonen på dette i naturen?

Ulike plastprodukt har ulike tilsetjingsstoff. Korleis vert desse spreidd i miljøet og tekne opp i organismar, også inkludert dei vi et?

Vidare, dersom plast først kjem ut i havet, kva typar er minst skadeleg på kort og lang sikt? Kor farleg er ulike størrelsar av nedbrotne plastprodukt og korleis er dette knytt til utgangspunktet?

Amund Måge Foto: Universitetet i Bergen

Produsentansvar

Problemstillingane går langt utanfor naturvitskapen og over i samfunnskunnskap, psykologi og jus. Kva verkar oppstraums produksjonen for å byte ut plast? Kan det verte nødvendig å gje produsentane langt større ansvar for kvar produktet deira vert av og kan dei påleggast å gå mot ein sirkulær økonomi?

Mens tilførselen av plast til havet nyleg vart estimert til å vere 8 millionar tonn makroplast og 1,5 millionar tonn mikroplast er kunnskapen altså liten. Eit viktig spørsmål i forvaltninga er då korleis ein stiller seg til manglande kunnskap. Vi veit ikkje kor giftig mikroplast er og kva typar som er giftigast.

Dersom vi då tek eit «føre var»-perspektiv, må det strenge reguleringar til slik at den manglande kunnskapen ikkje skulle føre til negative konsekvensar. Det man ikkje veit nok om, vil ikkje vere lovleg. Det ville vere med til å spore til auka forsking, som så kunne opne for mindre strenge reguleringar dersom vi vitskapeleg finn at det er rett.

Les også:

Før var tenking

Men det er vanlegare å høyre, faktisk også i forskingsverda, at vi bør jo ikkje bekymre oss før vi faktisk veit at noko er farleg. Det kan jo høyrast rimeleg ut, men då vert det miljøsida som får forskingspresset og ikkje produsentsida. Då kan det til og med verte gunstig å utsetje og trenere forsking noko som ville utsetje miljøet for risiko. Så ein form for «føre var» tenking er tryggare.

Men då må vi også akseptere at nokon gonger får mindre strenge reguleringar når kunnskapsgrunnlaget aukar. Det kan også gje seg rare utslag. «Norge vil ha meir miljøgifter i fiskefôr» var ei pressoverskrift for nokre år sidan. Det var eigentleg ein naturleg konsekvens av at ved bruk av «føre var» sette ei grense når man visste lite og ingenting og kunne heva grensa når forsking var gjort og ein kunne trekkje konklusjonar basert på forskingsdata.

Det er flott at det i desse dagar kjem i gang mykje ny forsking finansiert frå EU, og frå Norge, både offentleg og privat. På plastområdet har vi kan hende ikkje tid til å vente på gode data og tiltak må setjast inn sjølv om man ikkje kan prove negative konsekvensar godt nok. Så får forskinga gyve laus og reguleringar og forvaltning vil kunne gå både i strengare og av og til mindre streng retning etter kvart som kunnskapsgrunnlaget aukar.

Les meir om plastproblemet her: