Våren er tida for generalforsamlingar, eller årsmøte som vi kallar dei i mindre ambisiøse organisasjonar. Mange vil meine at generalforsamlingar er i toppen av uinteressante møter, og slik kan det jo også vere. 

Amund Måge, marin direktør ved Universitetet i Bergen. Foto: U i Bergen

I aksjeselskap er det ofte ikkje mykje ein kan gjere frå eller til dersom ein sit på få aksjar, anna enn å lytte. I burettslaget vel mange å skygge unna for ikkje å bli valt inn i styret eller andre komitear, og det same kan fort skje i idrettslaget. Men heldigvis er det som regel nok av interesserte og/eller pliktoppfyllande personar til å sikre vidare drift av organisasjonar, lag og selskap.

Viktig arena

Men ei generalforsamling kan også vere ein viktig arena for å samanfatte året som gjekk, og gjere opp status for kva som gjekk bra eller ikkje så bra. Standard saker er jo normalt årsmelding, rekneskap og val av tillitspersonar.

Eit marint retta universitet har også høve til å delta i ulike årsmøte og generalforsamlingar. Nokon selskap har vi aksjar i, og vi er også medlem i mange nasjonale og internasjonale organisasjonar. Ein slik organisasjon som nyleg hadde generalforsamling er European Marine Board (EMB).

Dei største universiteta i Norge er i fellesskap medlem i EMB. I tillegg er Forskningsrådet og Havforskingsinstituttet medlemmer.

Konkrete råd

EMB driv det vi no kallar vitskapsrådgjeving inn mot politikk og forvaltning. Dette skjer særleg i form av oppnemnde arbeidsgrupper på høgt fagleg nivå, som gir vitskapeleg baserte anbefalingar. Desse gruppene går grundig til verks og brukar gjerne god tid på å få fram vitskapelege fakta og utarbeide faktabasert rådgjeving for politikarar og forvaltning. Og som namnet seier, innan marine spørsmål.

Amund Måge

  • Er marin direktør ved Universitetet i Bergen
  • Har tidlegare vore forskingssjef ved Nifes, som i dag er ein del av Havforskingsinstituttet
  • Marin forsking er eitt av tre prioriterte område ved universitetet, og Måge vart tilsett i 2017 for å spele ein nøkkelrolle i dette arbeidet.

Då grundige 100-siders dokument gjerne ikkje er det vi kallar kioskveltarar, utarbeidast i tillegg også korte «Policy Briefs» med konkrete råd til politikarane. Ein slik rapport kom no i mai ut på temaet «Samanhengen mellom havet si helse og mennesket si helse».

Tema framover

Men kva var koplinga til generalforsamlinga? Jau, i tillegg til årsmelding, rekneskap og val er det på desse generalforsamlingane (i EMB) ei avstemming om kva som skal vere neste tema ein skal gå i djupna på. Og då ser vi langt fram i tid, ofte to-tre år. 

Akkurat no driv vi enno og definerer kva som bør med under temaet «Kystens motstandskraft», som var vedteke på haustmøtet. 

Til orientering kan nemnast at ein rapport om geologiske farar i hav og kyst er under arbeid. EMB har også gitt ei samla framstilling av forskingsfartøy i Europa. Det var 99 slike fartøy ved siste teljing, men no veit vi at det vert minst 100 i og med regjeringa sitt forslag i statsbudsjettet om å starte finansieringa av eit nytt kystforskingsfartøy.

Fornybar energi

Så til slutt: Kva vart neste tema for den møysommelege prosessen med å laga vitskapsråd. Ikkje uventa «Marin forsking på utanskjers fornybar energi». Det vert kjekt både med tanke på ein grundig gjennomarbeid rapport og lett tilgjengelege og kortfatta råd til politikk og forvaltning, men det tek tid. 

Og det må ta tid skal det gjerast skikkeleg i slike komplekse spørsmål med mange og til dels motstridande interesser. 

Her kan du lese fleire kommentarar frå Amund Måge: