Målet er å redusere dei store mengdene plastavfall som havbruksnæringa skaper, skriv NRK.

Styreleiar Kristian Solem Halsen seier til NRK at dei har funne ei metode der dei tar all slags type plast både frå havet og hushaldningar og smeltar det om til nye produkt. Til det har selskapet fått tilgang på forsking og kompetanse frå Norwegian Plast Recycling som har resirkulert plast i fem år.

Circumar blandar ikkje inn trefiber eller sand i produkta, slik at plasten kan brukast om att fem-sju gonger.