Alle i ringnotmiljøet her i landet, og langt utanfor dette miljøet både her og i utlandet, kjenner Pederen. Han som for kvar ny «båt» han har laga, har skapt noko nytt og revolusjonerande. Anten det er utforminga på skroget, nothandteringa, leiteutstyret eller framdrifta.

God økonomi

Økonomien er god i konsernet. Sist år fiska båtane 47.000 tonn pelagisk fisk, til ein verdi av 202 millionar kroner. Det gav 29 millionar kroner i overskot. 2018 vart soleis eit betre år enn 2017, då dei fiska for 183 millionar kroner og hadde 22 millionar i resultat.