4600 stillingar skal bort innan midten av 2020 fortel Rolls-Royce-konsernet i ei børsmelding, melder Nett.no.

Rolls-Royce skal la dei som sit nærast kundane ta fleire avgjerder. Det betyr færre folk i stabane, først og fremst i Storbritannia. For tilsette Rolls-Royce Marine, dotterselskapet som Rolls-Royce vil selje ut av konsernet, gav dagens børsmelding inga avklaring, skriv Nett.no.

Rolls-Royce varsla i januar i år at selskapet vurderte eit eventuelt sal av marinedivisjonen i Rolls-Royce, der Rolls-Royce Marine er det viktigaste selskapet. Framover skal Rolls-Royce satse på forsvars- og luftfartsmarknaden, medan andre tek over satsinga på kommersiell skipsfart.

— Det er rett og rimeleg at vi vurderer om verksemda i framtida kan vere betre tent med eit nytt eigarskap, sa konsernsjef Warren East i pressemeldinga